Havsterk sine fôrflåtar er laga av det sterke materialet kompositt, kan ikkje søkke og er utstyrt med ensilasjetank for oppbevaring av dødfisk. Vi kan tilby HAV220, HAV300 og HAV400, som er skreddarsydd for fiskeoppdrett. Den største fordelen med HAV fôrflåtane er at dei krev lite vedlikehald. Fleire fordelar er summert opp nedanfor:
- Vedlikehaldsfri: Etter fem år i drift på Steinvik Fiskefarm AS, har det endå ikkje vore naudsynt med vedlikehald av skrog, overbygg og ny maling av Havsterk flåtane – og dette til tross for uroleg sjø og ekstremvêr. Fråvær av stål gjer til at modulen ikkje kan ruste.
- Enkel å halde rein: Den glatte underflata gjer til at det er enkelt å reingjere groe under skroget for profesjonelle dykkarar. Fråvær av hol og porer i komposittmaterialet hindrar tilkomst av bakterieflora.
- Effektiv lyd- og varmeisolasjon: Lyd i frå aggregat og blåsarar kan ikkje høyrast i opphaldsrommet, og når kulden bit som verst midt på kalde vinteren, fører god varmeisolasjon til at modulen ikkje mistar varme.
- Usøkkbar: Grunna det lette materialet (kompositt-sandwich) kan den enkelt tauast, og uansett vêr, så kan den ikkje søkke.
- Roleg og sterk i hardt vêr: Fôrflåten held seg roleg sjølv i store bølgjer og dårleg vêr, og slag merkast mindre.
- God plass på dekk og lett å fortøye: Det er store dekk på kvar side av modulen, og det er fri passasje rundt heile fôrflåten. Modulen har to baugar med tre doble fortøyingar på kvar baug som held flåten roleg i hardt vêr.
- Ensilasjetank for dødfisk: Fôrflåten er utstyrt med ensilasjetank for dødfisk, og røktar slepp såleis å transportere dødfisken heilt til land.
- Miljøvenleg: Fôrflåten er laga av kompositt, som har ein betre miljøvenleg profil enn tradisjonelle materiell. I tillegg kan flåtane resirkulerast ved utrangering. Du kan lese meir om Havsterk sin miljøprofil her.