Dødfiskflåtane til Havsterk fører til enkel, hygienisk og effektiv handtering av dødfisk like ved merdkanten.
Flåtane er utstyrt med kran, kvern med automatisk syredosering, senkbar miksar og tank for oppbevaring av ensilasje. Vi tilbyr tre ulike modular etter storleik: DF-L62, DF100 og DF200.
Dødfiskflåtane sine mange fordelar er summert nedanfor:
- Stor kapasitet og rask behandling: Våre flåtar kan handtere 6 til 12 tonn dødfisk i timen (avhengig av kva slags modul ein vel).
- Smittehygienisk fordel: Det er lite søl ved behandling og kontakt mellom røktar og fisk er minimal – den enkle og raske handteringa fører til at ein reduserer smittefaren betrakteleg og at ein hindrar lukt.
- Flyttbar og tilgjengeleg: Dødfiskflåtane flyt på sjøen og er lette å taue. Nærleiken til merdane gjer til at fisken kan fortast mogleg destruerast med minst mogleg arbeidskraft.
- Miljøvenleg: Dødfiskflåtane er laga av kompositt, som har ein betre miljøvenleg profil enn tradisjonelle materiell. I tillegg kan modulane resirkulerast ved utrangering. Du kan lese meir om Havsterk sin miljøprofil her.
- Usøkkbar og vedlikehaldsfri: Grunna det lette materialet som dødfiskflåtane er laga av kan dei ikkje søkke, uansett storm og uvêr. Modulane krev også minimalt med vedlikehald sidan dei er bygd i kompositt, og dei er lette å halde reine.
- Syrefast og fråvær av bakterieflora: Kompositten er syrefast og tålar maursyre, i mosetnad til stål, der syren fører til rust og fortæring. Fråvær av hol og porer i materialet hindrar tilkomst av bakterieflora.