Miljø og materiale
Sandwichkonstruksjonar i kompositt
Sandwichkonstruksjonar i kompositt
Havsterk sine produkt er laga av det sterke og allsidige materialet kompositt.
I følgje SINTEF er kompositt eit samansett material som er bygd opp av to eller fleire enkeltmaterial, som oftast plastmaterial forsterka med kontinuerlege fibrar. Fibrane bidrar med styrke og stivleik, medan matrisen, som vanlegvis er herdeplast, bind fibrane saman og vernar mot miljøpåkjenningar og ytre skadar. Havsterk brukar harpiks (resin) som matrise og ulike typar fiber. Denne samansetninga blir også kalla FRP (Fiber Reinforced Plastic).
Kompositt gir auka prestasjon, og er i dag populært i mange industriar.
Kompositt vart fyrst utvikla innan luft- og romfartsindustrien der hovuddrivkrafta var å utvikle eit material som gav auka prestasjon. Bakgrunnen var at ingen homogene konstruksjonsmaterial, som hadde alle dei ønska eigenskapane for gitte bruksmåtar, var tilgjengelege. I dag blir kompositt brukt i mange industriar, for eksempel i båt-bygging, marint, offshore, bygg- og anlegg, forsvar og bilindustri. Felles for desse industriane er at korrosjonsresistens, lang levetid, låg vekt og designfridom er viktig.
Kompositt har lågare vedlikehaldskostnader og ein betre miljøprofil enn tradisjonelle material.
Kompositt har mange fordelar samanlikna med tradisjonelle materiale som aluminium, betong og stål:
Dette fører til merkbart reduserte vedlikehaldskostnader. Kompositt har også ein mykje betre miljøprofil. Dette kjem klart fram ved å samanlikne komposittbrua i Fredrikstad med bruer av betong og stål. Brua i kompositt vog 40% lågare enn stål og 30% lågare enn betong, og hadde det lågaste kumulerte energiinnhaldet og CO2 fotavtrykket. Les meir om studien her.
“Vacuum Infusion Process” og “PuraCoat” gjer kompositten til Havsterk enda sterkare.
Vacuum Infusion Process, eller VIP, er ein metode for å støype kompositt som gir kompositten lågare vekt og meir styrke enn opphavleg. Denne teknikken nyttar vakuumtrykk for å drive harpiksen (resin) inn i laminatet. Fordelane med denne metoden er at ein får utnytta forholdet i mellom harpiks og fiber betre, ein hindrar at harpiksen blir overflødig, og den fører til mindre søl og tid spart i støypeprosessen.
PuraCoat er eit brannhemmande, slitasje- og kjemikaliebestandig homogent belegg som blir sprøyta på skutesida av HAVtrucken med ein tjuknad på 3-5 mm. Denne teknikken har blitt brukt offshore i fleire tiår på utstyr som er utsatt for store mekaniske påkjenningar som slag mot skuteside, sleping over dekk og røff bruk på sjøbotnen.
For å nytte fordelane ved kompositt fullt ut er Havsterk sine produkt laga i sandwichkonstruksjonar.
Sandwich gjer det mogleg å utnytte kvar enkelt materialkomponent optimalt. Sandwichmaterial har eit svært høgt forhold mellom vekt og bøyestivleik. Komposittlaminat har lik eller høgare styrke enn metall som stål og aluminium, men den har lågare stivleiksprofil. Den lågare stivleiken blir kompensert ved å nytte komposittmaterial i ein sandwichkonstruksjon. Havsterk nyttar DIAB Group sitt sandwichmateriale.
Du kan lese meir om sandwich-konseptet som Havsterk brukar her.